Prisliste
Prisliste
NB nye priser! Etter lønnsforhandlingar gjekk tariffavtala opp frå og med 1.mai 2023. Avtalar som alleiere er bestemt får avtalt pris. Nye avtaler følgjer lista.
Fyrste møtet/bli kjend
Dette er ein samtale der vi saman snakkar om kva musikkterapi er og om det er noko for deg/dykk. Målet er å finne ut kva du/dykk vil ha ut av musikkterapien og korleis vi kan nå dette. Klarer vi å sette ein plan for forløpet er dette positivt.
650 NOK*
Timespris
Denne prisen er kor mykje eg tek for ein 60 min time.
Dette inneheld:
Planlegging og førebuing til time
Instrument (innkjøp/vedlikehald)
Noter/songark/permar
Musikkterapi - samspel, lytting, speling av instrument og song
Opplæring av instrument
Samtale og sosial opplæring (med meg og i gruppetilbod når dette blir aktuelt).
775 NOK**
Pakketilbod 10 timar
Eit tilbod som inneheld 10 timar fordelt utover ei periode:
Fordelt på 20 møter (30 minutt per møte)
Fordelt på 10 møter (60 minutt per møte) - Anbefalt
Fordelt på 5 møter (120 minutt per møte)
6750 NOK
Gruppetilbod
Eit tilbod for deg som ynskjer å delta i mindre gruppe og utfordre deg samspelmessig og sosialt. Dette tilbodet vil endre seg ut i frå kven som meldar seg på og kva dei vil.
Dette kan vera:
Lyttesirkel - ein trygg stad der alle får moglegheit til å dele song som betyr noko, og fortelja om denne viss ein vil.
Trommesirkel - ein stad der samspelet er i fokus. Utfordringar rytmisk og sosialt
Samspel, band - dette er eit tilbod for deg som kunne tenkt deg å spele i eit band, men ikkje føler deg komfortabel i andre tilbod. Har du instrument sjølv er dette flott.
Pris kan diskuterast
Spleleoppdrag
Som musikkterapeut er eg også open for speleoppdrag under diverse tilstelling av ulike størrelse.
Dette kan vera:
Juletrefest og/eller andre liknande tilstellingar¤
Konsert/del av konsert
Underhalding på møte
Ut i frå kor mange låtar og kva tilsettinga er vil eg vurdere kva pris som blir sett. Til dømes tek eg 1000,- for å spele 2-3 låter.
¤ Ved t.d. juletrefest på institusjon/avdelingar kan dette gå under musikkterapi, sjå timessats.
1000-3000 NOK
*Då dette er eit tilbod innanfor innanfor helsa og musikk (kultur) vil det ikkje koma momstillegg på prisane.
** Timesprisen har utgangspunkt i tariffavtale og årslønn for nyutdanna lektor med masterutdanning:
(523 800 kr *1,368)/1950=373,78 kr. (per september 2022)
(592 100 kr *1,368)/1950=415,38 kr. (per mai 2023)
For per time reknast det ein time førebuing:
373,78 kr*2=747,56 kr. (september 2022)
415,38 kr*2=830,76 kr. (mai 2023)